UNGDOMSMØTER


Nyttige tankar for deg som skal arrangere eit ungdomsmøte!

1. Kvifor har me møter?

 

JESUS er drivet bak alt kristent arbeid. Når me forstår kva han har gjort for oss, vert dette så viktig at me må fortelje det vidare. Derfor vert møter ein stad der vi både inviterer med nye som ikkje er kristne, og det vert eit fellesskap for dei som allereie er kristne. Målet for eit møte må vere at folk skal få sjå Jesus – og vekse som kristen. Dette målet må ligge i botn for alt me gjer vidare!

2. Korleis legge opp et møte?

 

Det er fleire ting ein må tenke gjennom når eit møte skal arrangerast. Dette gjer at dei som kjem får meir utbytte av møtet.

a) Kven er møte for?

  1. Barn/ungdom/vaksne?

b) Kva vil me med møtet?

  1. Folk skal møte Jesus
  2. Folk skal ha det bra

c) Be

  1. Om visdom og gode idear
  2. Om at møtet må verte slik Gud vil
  3. Finn ut kva møtet skal bestå av: TEMA og INNHALD
3. Kva skal møtet innehalda?

Eit møte kan fyllast med så mangt. Nokre ting er meir ”fast” som songar og tale, men ut frå dette er det store variasjonar som kan gjerast. Her er det berre fantasien som set grenser. Og husk: Alt skal du gjere for at folk skal kunne sjå Jesus, og vekse som kristen. Altså: Ikkje gjer noko berre for å gjere det!

a)   Songar

Ofte stor og viktig del av møtet, og det er difor viktig å tenke over kva og kvifor me syng. Pass på så ikkje songen berre blir ”møtefyll”. Verdt å tenke på:

  1. spesielt tema på møte?
  2. Målgruppe? Må være noko for alle!
  3. Innhaldet i songane:
    1. norsk eller engelsk? – Forstår me det me syng?
    2. songar folk kan eller som er lett å lære
    3. nye songar til inspirasjon
      1. leirsongar
      2. frå ungdomsmøte andre stader
      3. gamle songar med ny melodi

b)     Andakt / Tale

  1. Kven?
    1. Må fenge og vere flink å snakke – Alder mindre vesentleg
    2. Noko spesielt me vil han skal snakke om?
    3. Lengde – gje talaren beskjed

c)    Opning/ Vitnesbyrd (=eigen oppleving; kva Jesus betyr for deg)

  1. Kan vere positivt at andre enn møteleiar og talar er framme på scena
  2. Ulike folk og aldrar kan lære oss mykje forskjellig
    1. Hjelp dei yngste ved å finne noko for dei som dei kan lese
    2. Utfordre dei eldre i forsamlinga
    3. Skulle det ha vore noko til barna?

d) Ekstra innslag

Det kan vere positivt å krydre møtet med litt nye ting innimellom for å ikkje gjere nøyaktig det same alltid. Det kan også vere positivt viss du har eit spesielt tema du vil setje fokus på. Her er litt tips:

  1. Spille musikk før møtet begynner
  2. Ha bibelvers på skjermen når folk kjem inn i salen
  3. Stå ved døra og ynskje velkommen
  4. Spele ein song i løpet av møtet
  5. Lese dikt – eller ha det på storskjerm
  6. Bønnestund der ein delar bønneemne for kvarandre
  7. Bønnestund der ein ber i grupper
  8. Moglegheit for å tenne lys eller skrive bønelappar i løpet av dei siste songane
  9. ”Brev frå Gud” (film)
  10. Korte gode filmsnuttar frå youtube, godtube eller anna!
  11. Dramatisere teksten talen skal ta utgangspunkt i
  12. Intervjue nokon du veit har opplevd noko spesielt med Gud
  13. Lage film som set fokus på temaet
  14. Få nokon til å syngje
  15. Del ut fine lappar med bibelvers på
  16. Utfordre nokon til å ha vitnesbyrd
  17. Gje ”ordet fritt”

e) Finpuss

Når de har tenkt gjennom alt dette, og ting har falt på plass er det lurt å legge opp ein ”møteplan” som alle involverte får utdelt. Dette kan forhindre mykje rot og misforståingar undervegs.

f) Møteleiar

Den som skal leie møte må vere ein som tør å snakke framfor andre. Men samtidig er dette noko ein må øve på – så la folk få prøve seg! Fyrste gongen er det ofte greitt å sitje med ein ”erfaren” møteleiar, i tilfelle det kjem opp spørsmål undervegs el. liknande. Møteleiar må ha oversikt over kva som skjer korti, og samtidig sørgje for at dei andre som skal delta også har dette. Tenk over kva du skal sei før møtet byrjar, så vert ofte leiinga mykje betre!

g) Pynting

Korleis det ser ut i rommet kan påverke opplevinga av å vere på møtet. Nokon kan irritere seg over rot på scena – og andre kan nyte at rommet var fint dekorert!

  1. Rydd rommet før møtet startar
  2. Ikkje ha fleire stolar enn du trur er nødvendig
  3. Pynt med fargar som passar til årstid og høgtid
  4. Lys og serviettar kan gjere underverker
  5. i.      Du får mykje inspirasjon og billig materiell på Nille og Europris!
  6. Tenn lys i vindauga, på talarstolen, pianoet, scenegulvet (kubbelys)
  7. Legg fine serviettar på borda – og tenn gjerne lys her også!
  8. Lag ordentlege prislister i cafeen
  9. Skriv bibelvers fint på store ark – heng på scena, inngangsdøra, sideveggane eller liknande
  10. Tøystykker og tyll er fint å slenge litt rundt
  11. Ta inn greiner eller blomar utanfrå

Og gløym aldri: BE, BE, BE BESTANDIG!

Det er alltid flott at alle som skal bidra på møtet samlast for å be før møtet startar. Ingen ting er betre enn å legge alt i Guds Hender. Der er møtet trygt – og då kan de stola på at Gud vil vere med og velsigne møtet!