Raknestunet
Raknestunet er leirplassen til Nordhordland Indremisjon!
Ein typisk dag på leir
Klokka ringer i gangen – det er på tide å stå opp! I matsalen står frokost til alle, som blir inntatt før det er Bibelsamling i møtesalen. Etter Bibelsamlinga går dagen slag i slag med aktivitetar ute og inne tilpassa aldersgruppa på leir, middag, kiosk, boller, spørløp, konkurransar og leik før det er kvelds og kveldssamling som siste post på dagens program. Av og til er det vanskeleg å sovne på leir, men vi har gode trygge nattevaktar som hjelper oss med det.
Hovudmålet for leirane på Raknestunet er
- At deltakarane skal verte betre kjende med Bibelen
- Særskild med Jesus, som er Bibelen sin hovudperson.
Vi har rikeleg med aktivitetstilbod
- I kjellaren er det aktivitetsrom der ein kan spela innebandy, bordtennis, fotball og airhochey
- Vi har også mange ulike innespel som KJEMPE ludo, KJEMPE stigespill og mange andre gøye små og store brettspill!
Ute har vi mellom anna
- Tarzanløype
- Kanoar
- Fotballbane
- Trampoline
- Baner for ulike ballspel
- Badestrand og badekai
- Stylter
- Hoppetau
- Og mykje mykje anna gøy!
Viktig med leiarar!
På kvar leir er det omlag 10-12 leiarar, fordelt på alder og kjønn.Vi ynskjer at kvar deltakar skal få ei positiv og trygg oppleving av å vera på leir! Prisane på leirane varierer med lengda på leirane.
DET E’ KJEKT PÅ LEIR!
ps…: Korleis FINNE Raknestunet?
1) Ta ferje frå Breistein til Valestrandsfossen. Kjør rett fram etter ferja, og ta så til venstre i ein knapp høgresving etter ca 700 meter. Følg denne vegen ca 8 km, og du kjem då til eit T-kryss. Ta til venstre i T-krysset.. Følg så vegen ca 1,5 km til du kjem over ei lita bru. Rett etter ser du skilt inn til venstre til Raknestunet.
2) Kjør Osterøybrua. Følg vegen til du kjem til ei rundkjøring, og ta til høgre i den (1. avkjøring). Etter ca 500 m på denne vegen skal du ta til venstre i ein skarp høgresving (du ser ikkje så godt vegen du skal svinge inn på, for den går bratt nedover). Fylg så denne vegen til du kjem til Raknestunet. Det er skilta inn til venstre til Raknestunet.
God tur:)






[...] Raknestunet [...]