Korleis melde på til leir?


Oppskrift for å bruke checkin.no til leirpåmelding

Alle som skal melda på nokon til leir må oppretta ein egen brukar på www.checkin.no/mypage. Det kan vere lurt å gjere dette ei stund, gjerne nokre dagar, før første mulige påmeldingsdato for leirane. Slik at du vert kjend med korleis systemet verkar og du vert tryggare når du skal melde på til leir.

  • Ei stund før påmeldingsdatoen vert leirane lagt ut på nettsida vår. Trykk på lenka til den aktuelle leiren som du vil melde på. Så lenge du finn leirane på nettsida kan du også søke opp leiren direkte på checkin.no
  • Du må lesa alle instruksane du får når du har starta påmeldingen på checkin.no, då vil du skjøne meir av kva du skal gjere undervegs i påmeldingen.
  • Første gang du melder på nokon til leir får du beskjed om å oppretta ein bruka på chekin.no. Då må du registrere din egen e-post og andre personlege opplysningar. Neste gang du melder på til leir loggar du deg på ved å bruke din epost og det personlege passordet du har valgt på checkin.no.
  • Velg om du skal delta på leir sjølv, eller om du skal melde på nokon andre.
    • På alle leirane våre som gjeld barn under 16 år, der foresette ikkje skal delta sjølv, må ein foresett først skrive inn infromasjon om seg. Dette for at vi skal ha kontaktinformasjon til foresette, og for at rette person mottar faktura o.l. Det er i hovedsak den foresette som melder på til leir vi tar kontakt med dersom noko skulle skje undervegs i leir, det er derfor viktig at denne informasjonen stemmer.
    • Når den foresette har lagt inn sin informasjon kan påmeldinga av deltakarane skje.
  • Du får opp ei side der du legg inn all informasjon som vi treng om kvar deltakar; navn, adresse, kjønn og fødselsdato. Du kan finne igjen navn du tidlegare har meldt på til arrangement via checkin, desse treng du ikkje legge inn ny informasjon om.
  • Ved påmelding må du også fylle ut litt anna informasjon som gjeld deltakaren. (Dette har tidlegare vert «til dei heime» lapp som deltakar fekk i posten og tok med seg på leir, det treng dei ikkje frå og med sommaren 2017).
    • Blant anna gjeld det informasjon om deltakaren har særskilte allergier eller sjukdommar som må tas hensyn til, om vi kan nytta bilde/film av barnet ditt til reklamearbeid for Raknestunet/Nhi, kontaktinformasjon til foresette, om barnet ditt kan få tablettar dersom det vert sjuk i løpet av leiren, om barnet kan bada og bada på djupet. Det vil variere litt kva informasjon du må gje i forhold til kva leir det gjeld.
  • Du vel om du vil betale med kort når du melder på eller om du vil få faktura på epost etter at du har fullført påmeldingen.
  • Kontakt Nordhordland Indremisjon om du må melda deltakar av leir eller gjer det via sida di på checkin.no. Om avmelding kjem mindre enn ei veke før leirstart må du betala kr. 100,- i avmeldingsgebyr (det gjeld ikkje ved sjukdom, men då må du kontakta oss direkte).
  • Det er mulig å legge inn flere personer i påmeldingen. Men, vi anbefaler ikkje at du melder på fleire samtidig, med mindre dei er søsken eller samme person skal betale for alle deltakarane den melder på.
    • Dersom du skal melde på søsken/eller same person skal betale for alle og du ønsker å få alt på ein faktura kan du velga «legg til ny person» og melda på fleire på samme påmelding.
  • Om du likevel ønsker å melde på fleire deltakere til leiren, og dei skal betala leiren sjølv, bør du:
    • Ha klar all informasjonen fra foresatte/deltakaren
    • Trykk «start påmelding» for kvar enkelt deltakar, altså ikkje trykk; «legg til ny person». Dette fordi kvar påmelding må gjerast ferdig før du melde neste på.
    • Velg faktura som betalingsmåte. Då vil du få egen faktura for kvar deltakar du melder på.
  • PS: Dersom du melder på fleire deltakarar på same påmelding (altså trykker «legg til ny person»), står du som påmeldar som økonomisk ansvarleg for dei du har meldt på. Den må også innhente betaling av foresatte i etterkant, samt at påmelder mottar informasjon som må vidaresendast foresatte i etterkant.
  • Dersom leiren er full, kan du velge å melde på deltakaren på venteliste. Dersom det vert plass på leiren i løpet av tida mellom påmeldingsdagen og leirstart, får du beskjed på epost om du har fått plass på den leiren eller ikkje.

Om du har spørsmål, eller problem ved påmelding, kan de bare ta kontakt med Nordhordland Indremisjon sitt kontor på tlf: 56 17 70 25 eller epost: nordhordland@imf.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *