Nyttårsleir på Tunet!


Har du meldt deg på nyttårsleir?

29 des. – 1. jan er det nok ein gang klart for nyttårsleir på Raknestunet!

 

Den tradisjonelle nyttårsleiren nærmar seg no med stormskritt. Det er per dags dato cirka 50 påmelde, noko som vil sei at det er omlag 20 ledige plasser igjen.
Derfor bør du melde deg på snarast om du kunne tenke deg å bli med på leir, då desse plassene kjem til å verte fulle ganske kjapt.

Kanskje lurer du på kva ein nyttårsleir er for noko?

På nyttårsleir gjer me utrulig mykje forskjellig. Me har bibeltimer, møter, underholdning, nyttårsbukk, pinnekjøtt, cafè, fifaturnering, fotballkamp, hobby, baking, går i fakkeltog, gode seminar, osv.. Aktivitetene og programmet er stappa fullt av utrulig mange kjekke ting, og når det i tillegg er samla så mange hyggelige og greie ungdommer ligg alt til rette for ein super inngang i det nye året. Me håper at du vil bli med oss på nyttårsleir, det blir kanonbra!

Nyttårsleir er frå 10. klasse og oppover. Hjertelig velkommen på leir! 🙂

Du kan melde deg på nyttårsleir ved å sende påmeldingen på e-post til: Nordhordland@imf.no

Eller ved å kontakte kontoret på tlf: 56 17 70 25

 

2017-web

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *