Nyårsmøte 11.-13.januar


No nærmar det seg nyårsmøte, alle saman! 11.-13.januar går det av stabelen på Nordhordland Folkehøgskule (trykk HER for å sjå programmet). Her vert det gode møter og bibeltimar heilt frå fredag kveld til søndag ettermiddag.

Info ift BARNAS NYÅRSMØTE: det vert høve til å bade i bassenget på skulen både laurdag og søndag, så dei som har lyst til det må hugse å ta med badekle. LAURDAG vert det og, viss veret ikkje er altfor ille, gjennomført ein ekskursjon i det fri med litt ymse innslag av mat og underhaldning (berre for dei frå 1.klasse og oppover). Hugs å ta med klede som heldt ein varm og tørr viss ein har lyst til å vere med på denne turen. For meir info ang barnas nyårsmøte, sjå plakaten)

Elles vil me særleg reklamere for søndagsmøtet kl 14.30, der Jarle Waldemar kjem på besøk til oss. Det trur me vert veldig bra!

Minner også om at det vert ungdomstreff med cafe etter kveldsmøtet på laurdag.

Og til slutt: hugs PÅMELDING til Nordhordland Indremisjon viss du ønsker eit eller fleire måltider.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *