HER kan du melde på til høsteleirane 2017


Checkin høst 17

Første mulige påmeldingstidspunkt for høstleirane 2017 er onsdag 6. september. kl. 17.00.

Kontoret er åpent fra kl. 16.00 for spørsmål og hjelp til påmelding. Men husk å forsøke sjølv først.

Her er leirane for høsten:

Trykk på linken til den leiren du ønsker å melda på deltakarar til, då kjem du til påmeldingssida for den leiren på checkin.no. OBS. før du skal melda på til leir er det litt å vera merksam på. Sjå derfor lenger nede på sida og les igjennom «oppskrift for å bruke Checkin til leirpåmelding». Også du som har meldt på til leir via chekin.no tidlegare bør lesa igjennom denne oppskrifta.

 

 

FULLT, men venteliste tilgjengelig: Yngstes 3. 6 – 8. oktober. For dei i 3. og 4. klasse. kr. 670,-

FULLT, men venteliste tilgjengelig: Yngres 2. 9 – 11. oktober. For dei i 5.-7. klasse. kr. 670,-

18-pluss leir 20. – 22. oktober. For dei som fyller 18 år i 2017. kr. 750,-

Tenåringsleir 27. – 29. oktober. For dei i 8.-10. klasse. Kr. 750,-

Familieleir 10.- 12. november. For heile familien. Vaksen: 900 kr, barn 4-7 år: 570 kr, barn 8-14 år: 670 kr

Makspris pr. fam.: 3500 kr

Nyttårsleir 29 des. – 1. januar. Frå 10. klasse og oppover. Kr. 1150,-

 

Oppskrift for å bruke checkin.no til leirpåmelding – Les igjennom denne, sjølv om du har meldt på deltakerer via checkin.no tidlegare:

Alle som skal melda på nokon til leir må oppretta ein egen brukar på www.checkin.no/mypage. Dersom det er første gang du brukar Checkin kan det vere lurt å lage brukar ei stund, gjerne nokre dagar, før første mulige påmeldingsdato for leirane. Slik at du vert kjend med korleis systemet verkar og du vert tryggare når du skal melde på til leir.

  • Trykk på lenka til den aktuelle leiren som du vil melde på. Du kan også søke opp leiren direkte på checkin.no
  • les igjennom alle instruksane du får når du har starta påmeldingen på checkin.no, då vil du skjøne meir av kva du skal gjere undervegs i påmeldinga.
  • Første gang du melder på nokon til leir får du beskjed om å oppretta ein bruka på chekin.no. Då må du registrere din egen e-post og andre personlege opplysningar. Neste gang du melder på til leir logger du deg på ved å bruke din epost og det personlege passordet du har valgt på checkin.no.
  • Velg om du skal delta på leir sjølv, eller om du skal melde på nokon andre.
  • Du får opp ei side der du legg inn all informasjon som vi treng om kvar deltakar; navn, adresse, kjønn og fødselsdato.
  • Ved påmelding må du også fylle ut informasjon som gjeld om deltakaren. (Dette har tidlegare vert «til dei heime» lapp som deltakar fekk i posten og tok med seg på leir). Blant anna gjeld det informasjon om deltakaren har særskilte allergier eller sjukdommar som må tas hensyn til, om vi kan nytta bilde/film av barnet ditt til reklamearbeid for Raknestunet/Nhi, kontaktinformasjon til foresette, om barnet ditt kan få tablettar dersom det vert sjuk i løpet av leiren, om barnet kan bada og bada på djupet (om sommaren). Det vil variere litt kva informasjon du må gje i forhold til kva leir det gjeld.
  • Du vel om du vil betale med kort når du melder på eller om du vil få faktura på epost etter at du har fullført påmeldingen.
  • Kontakt Nordhordland Indremisjon om du må melda deltakar av leir. Om avmelding kjem mindre enn ei veke før leirstart må du betala kr. 100,- i avmeldingsgebyr (det gjeld ikkje ved sjukdom).

 

  • Det er mulig å legge inn flere personer i påmeldingen. Men, vi anbefaler ikkje at du melder på fleire samtidig, med mindre dei er søsken eller samme person skal betale for alle deltakarane den melder på. Dersom du skal melde på søsken/eller same person skal betale for alle og du ønsker å få alt på ein faktura kan du velga «legg til ny person» og melda på fleire på samme påmelding.
    • Om du likevel ønsker å melde på fleire deltakere til leiren, og dei skal betala leiren sjølv, bør du:
      • Ha klar all informasjonen fra foresatte/deltakaren
      • Trykk «start påmelding» for kvar enkelt deltakar, altså ikkje trykk; «legg til ny person». Dette fordi kvar påmelding må gjerast ferdig før du melde neste på.
      • Velg faktura som betalingsmåte. Då vil du få egen faktura for kvar deltakar du melder på.
  • VIKTIG: Dersom du melder på fleire deltakarar på same påmelding (altså trykker «legg til ny person»), står du som påmeldar som økonomisk ansvarleg for dei du har meldt på. Du må innhente betaling av foresatte i etterkant, samt at du er einaste som mottar informasjon (leirprogram) som du må vidaresenda dei andre foresatte i etterkant.

 

Om du har spørsmål, eller problem ved påmelding, kan de bare ta kontakt med Nordhordland Indremisjon sitt kontor på tlf: 56 17 70 25 eller epost: nordhordland@imf.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *