Om oss
NORDHORDLANDSBUA – Barne- og Ungdomsavdelinga til Nordhordland Indremisjon!
Vår jobb er å støtte alle dei 80 barne- og ungdomslaga som tilhøyrer Nordhordland Indremisjon! Dette gjer vi ved å besøke dei, ha leiarskule, inspirasjonssamlingar, ungdomsmøtehelger, og ikkje minst…
Arrangere LEIRAR på Raknestunet!
Ansatte i Nordhordlandsbua
Karen Sofie Aasmyr- ungdomskonsulent –ks.romarheim@imf.no
56 31 04 52/ 480 56 038
Karen Sofie har ansvar for tenårings- og ungdomsarbeidet! Det vil sei at ho planlegg ten-, ungdoms- og 19+leirar, besøker ungdomslaga, arrangerer ungdomsmøtehelg og alt anna som er viktig for å ha eit godt ungdomsarbeid i Nordhordland! Er også sjef for nettsida, og skribent i BUR (sjå lenger ned).
Bjarte Vesetvik- barnekonsulent -b.vesetvik@imf.no56 31 04 53/ 99 64 24 69
Bjarte har ansvar for barnebarbeidet! Det vil sei at han planlegg barneleirane, planlegg Barnas årsmøte og nyårsmøte, og reiser på besøk til barnelaga.
Silje Elin Minde- barnearbeidar 15% -
siljeelin@gmail.com45 26 51 08
Silje Elin besøker barnelaga, og er er ein del på Raknestunet!
Ida Kristin Melhus- barnearbeider 10% -97 18 36 72
Ida Kristin besøkjer barnelaga i kretsen!
Nordhordland Indremisjon strekker seg vidt utover, og vi arbeider i alle desse kommunane: Arna, Åsane, Osterøy, Meland, Lindås, Masfjorden, Radøy, Austrheim, Øygarden & Modalen!
BUR – Barne-og Ungdomsrådet
Barne- og ungdomsrådet samlast 4-5 gongar i året med barne- og ungdomskonsulentane for å samtale om arbeidet i BUA. BUR har ansvar for leirane på Raknestunet og Barnas årsmøte og nyårsmøte - i samarbeid med Barnekonsulenten og Ungdomskonsulenten.
BUR- medlemane blir valgt på årsmøtet til Nordhordland Indremisjon, og etter årsmøtet i 2010 vart BUR sjåande ut slik:
- Helga Nessa 23 år frå Osterøy. Sjukepleiar på barneklinikken på Haukeland.
- Steinar Angelskår styremedlem, kjem frå Leknes 22 år gammal.
- Ingunn Hellem, 30 + frå Leknes. Aktiv i barnearbeidet der!
- Vegard Soltveit 20 år frå Manger. Studerer historie 1. året (1. varamann)
- Helge Skår representant frå kretsstyret. 40 år og kjem frå Åsane. Aktiv på bedehuset der, og full kontroll over alt teknisk i Nordhordland Indremisjon!




