Leirar i haust!
Hei, alle saman! No nærmar det seg første påmeldingsdag for haustleirane på Raknestunet! Sjekk ut “Leir”-linken til venstre på sida, for å sjå kva leirar DU kan reise på!
VIKTIG INFO ANG PÅMELDING: Grunna stor pågang må me bruka 2 påmeldingsdagar:
1.påmeldingsdag for Yngstes 4, Tenleir og Familieleir: torsdag 8.sept kl. 8.30
1.påmeldingsdag for Yngres 3, Haustferieleir og Nyttårsleir: fredag 9.sept kl 8.30.
Grunna stor pågang er me nødt til å vera “strikse” ift påmeldingsdato og klokkeslett. Dette ikkje for å vere vanskeleg, men for at alle skal ha lik sjanse til å få meldt seg på. Dette vil sei at me ikkje tek telefonen før kl. 8.30 påmeldingsdagane, og me godtek heller ikkje e-post sendt kvelden før eller natt til påmeldingstidspunktet 8.30. ALTSÅ: både for telefon og e-post gjeldt kl. 8.30.
Det er altså 2 måtar du kan melde deg på leir:
TLF: 56 17 70 25
E-post: nordhordland@imf.no
OBS: Du kan ikkje melde deg på leir ved å skrive i kommentarfeltet på denne sida.
Elles vil eg og nevne at sist me hadde leirpåmelding var det nokon av dei som sendte e-post frå mobilen sin som fekk problemer. Nokre e-postar kom aldri fram, medan nokon vart forsinka. Kva dette skyldast veit me ikkje, då dette er utanfor vår kontroll. Du må sjølvsagt bruke mobilen til å sende e-post til oss viss du ynskjer, men eg tenkte det var greit å “advare” dykk, slik at de tek det med i berekninga..









Kortid kommer bildene fra leiren på Raknestunet 10-12 oktober for 5-7 klasse???