Barnas Årsmøte 4.-5.juni!
Førstkommande helg brakar det laus med Barnas årsmøte på Nordhordland Folkehøgskule.
Det vert eige opplegg både laurdag og søndag, både for dei yngste og for dei litt eldre borna.
Ta med ein ven eller fem og bli med!
For dei eldste borna (2.klasse og oppover) vert det høve til å bruke bassenget på folkehøgskulen begge dagane, så viss du har lyst til dette må du hugse å ta med deg badetøy (også badehette).
Elles vert det også tur i området med grilling (dei eldste) og leik i barnehagen/gymsalen (dei yngste), samt barnefest for begge aldersgruppene.
Både laurdag og søndag begynner me i lag med dei vaksne på møtet, før me går ut til barnesamlinga.








