Lyst til å vere barnepassar på familieleir i haust?
Synes du det er kjekt å vera på leir på Raknestunet? Likar du å passe born? Har du lyst på ei gratis helg på Raknestunet? Då er barnepassar på familieleir kanskje noko for deg. 5.-7.november skal me ha familieleir på Raknestunet, og då treng me mange barnepassarar. Så viss du, og kanskje nokon av vennene dine, har lyst, så ta kontakt med Nordhordland Indremisjon:
Tlf: 56 31 04 50
E-post: nordhordland@imf.no








