Ungdomsmøtehelg!
Endeleg er det UNGDOMSMØTEHELG igjen! Helga 19.-21. februar er det møter, mat, underhaldning og sosialt samvær i Åsane, nærare bestemt Kyrkjekrinsen Bedehus! (Vis a vis Plantasjen)
Ungdomsmøtehelga er meint å vere eit samlingspunkt for ungdom i Nordhordland, og vi håper mange tar turen! Kanskje du møter nokon du har vore på leir på Raknstunet med?!
Det er møter klokka 19 fredag og lørdag, og søndag klokka 17. Tema for helga er “JESUS”, og Torgeir Skrunes skal tale til oss. “Osterfjordgutane” stiller med band, og det blir også mykje anna spennande i møta! Håpar å sjå deg til helga!









[...] Info på nordhordlandsbua [...]